Hopp til hovedinnhold

Prosjekt: Museum i samspel

Ringve og Rockheim har fått støtte frå Kulturdirektoratet til å gjennomføra prosjektet «Museum i samspel» i perioden 2025–2027.

  • 1/1
    Skoleelever prøver langeleik på museet. Foto: Vidar Alvik

Museum i samspel

Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid for vern og vidareføring av immateriell kulturarv. Kort oppsummert:

• Treårig prosjekt finansiert med støtte frå Kulturdirektoratet og totalramme på 2,7 mill.

• Utvikla nye metodar for dokumentasjon og tilgjengeleggjering av museumsinstrument og handverkstradisjonane desse representerer

• Sårbare norske instrumentmakartradisjonar, som langeleiken, er valt som empirisk materiale i prosjektet

• Mål om overføringsverdi til andre typar museumsobjekt

• Skapa varige samarbeid mellom aktørar som arbeider med vern og vidareføring av immateriell kulturarv med mål om styrking av feltet

• Samarbeidspartnarar i Noreg, Tyskland, Storbritannia og USA

FRAMDRIFTSPLAN:

2025: Kartlegga behov og kompetanse

2025–2026: Dokumentasjon og metodeutvikling

2026–2027: Utprøva metodar

2027: Publisera resultat

Samarbeidspartnarar:

- Valdresmusea
- Westsächsische Hochschule Zwickau
- Universitetet i Søraust-Noreg
- Langeleikmakar Oddrun Hegge
- Nasjonalt museumsnettverk for musikk og musikkinstrumenter
- Konsulentar og mindre samarbeidspartnarar

Kontaktpersonar:

Sveinung Søyland Moen:

sveinung.soeyland.moen@mist.no

 

Iris Verena Barth:

iris.verena.barth@mist.no

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2