Langeleik i lange baner
Norges eldste langeleik er 500 år, og det feirer vi med at Ingrid Lingaas Fossum spiller på en rekke historiske langeleiker fra ulike tidsepoker. Publikum får høre utdrag fra plata hun ga ut i 2024, i tillegg til musikk som er direkte knyttet til instrumenter på Ringve Musikkmuseum.
Ingrid Lingaas Fossum
Langeleikutøvar Ingrid Lingaas Fossum har dette året gjort eit prosjekt med dokumentasjon av eldre langeleikar - som blir gjeve ut som plate i november 2024. På denne konserten får vi høyre utdrag frå plata, i tillegg til materiale som er direkte knytt til instrument på Ringve Musikkmuseum.
Under konserten vil Ingrid spele på ulike langeleikar med ulik tonalitet, som representerer tida og menneska ho fortel om. Vi får høyre om sentrale utøvarar gjennom langeleikhistoria, som har vore med på å gje henne dei verdiane ho har som musikar i dag.
Ingrid er kjent for å vere ein sterk soloutøvar på langeleik, som står trygt i sine tradisjonar. Ho er blant dei første som har tatt høgare utdanning med langeleik som hovedinstrument, lever som frilansmusikar, og har allereie mottatt fleire prisar for sitt arbeid. Ho har hatt med seg instrumentmakar Oddrun Hegge på å vurdere, velje ut og sete i stand instrument til prosjektet, og har besøkt Ringve Musikkmuseum fleire gonger, for å få gode råd om konservering og bruk av gamle instrument.